Næringsliv
Har de tenkt nøye over kva inntrykk ein potensiell kunde eller samarbeidspartnar får av bilda de har på nettsida dykkar eller i sosiale medier? Vi har erfaring med produkt- og til interiørfotografering, og sjølvsagt fine og tillitsvekkjande bilde av dei tilsette.
Høg kvalitet på bilda de brukar på ei heimeside eller i anna profilering er viktig for at ein potensiell kunde skal få eit profesjonelt inntrykk av dykkar bedrift. Fotograf Reiakvam fotograferer for mange bedrifter i nærmiljøet vårt. Forutan å ta portrett av tilsette og gruppebilde av styret i ulike bedrifter, har vi erfaring med å fotografere til nettsider, som dokumentasjon eller avfotografering av gjenstandar. Vi har mange bedrifter på kundelista vår, og dei siste åra har vi fotografert for Lotteri- og stiftelsestilsynet, Villa Åmot (bilde over) , Førdefestivalen, PWC, Deloitte, Interiørkonsulent Grethe Wie, Salong Karisma, Signes raspeball og mange fleire.
Ta kontakt med oss på telefon eller i kontaktskjemaet for å høyre om vi kan hjelpe dykk med bedriftsprofileringa dykkar.
I galleriet over ser du bilde eg har tatt for PWC, X-form ariktektar, Villa Åmot, Gravdalgruppa, Interiørkonsulent Grethe Wie, X-form arkitektar, Advokatfirmaet Harris, Førdefestivalen, Frisør Karisma/Grethe Wie, Hofslund Fjordhotel og Advokatfirmaet Eine.
Kontakt oss
Så kjekt at du kom innom sida vår!
Har du spørsmål til oss eller ønskjer å bestille time kan du gjerne sende oss ein e-post på foto@reiakvam.no, så svarar vi så fort vi kan.
Du kan også ta kontakt på 57 82 19 77, så set vi opp ein time med det same!
Fotografiske tenester
MVA 936 968 201
Ordinære opningstider:
Kvardagar 09:00-16:30
Torsdagar 09:00-18:00
Laurdagar 10:00-14:00
Ordinære opningstider:
Kvardagar 09:00-16:30
Torsdagar 09:00-18:00
Laurdagar 10:00-14:00
For endra opningstider ved høgtider:
sjå Google eller Facebook-sida vår.
Siste nytt frå Instagram